Skriv ut Legg til bokmerke
John Svendsen Forset

John Svendsen Forset[1]

Mann 1608 - 1699  (91 år)

Personlig informasjon    |    Notater    |    Kilder    |    Hendelseskart    |    Alle

  • Navn John Svendsen Forset 
    Fødsel 1608  Jämtland, , , Sverige Finn alle personer med hendelser på dette stedet 
    Kjønn Mann 
    Død 1699  Forset, Klæbu, Trondheim, , Norge Finn alle personer med hendelser på dette stedet 
    CREA 13 Mar 2021 
    Person ID 64891200  Høves slekt
    Sist endret 11 Feb 2024 

    Familie Guru   d. Forset, Klæbu, Trondheim, , Norge Finn alle personer med hendelser på dette stedet 
    CREA 13 Mar 2021 
    Barn 
     1. Lars Johnsen Forset,   f. 1660, Forset, Klæbu, Trondheim, , Norge Finn alle personer med hendelser på dette stedetd. 1743, Forset, Klæbu, Trondheim, , Norge Finn alle personer med hendelser på dette stedet (Alder 83 år)
    Famile ID 65316855  Gruppeskjema  |  Familiediagram
    Sist endret 13 Mar 2021 

  • Hendelseskart
    Link til Google MapsFødsel - 1608 - Jämtland, , , Sverige Link til Google Earth
    Link til Google MapsDød - 1699 - Forset, Klæbu, Trondheim, , Norge Link til Google Earth
     = Link til Google Earth 

  • Notater 
    • John Svendsen var født i Jämtland i Sverige. Han utvandret fra Sverige og kom til Flå i Trøndelag der han ble gift. Navnet på kona var trolig Guru, dette basert på at to av barna deres hadde døtre med det navnet.

      Etter Forsetboka er John først gift og bosatt i Flå, men gården er ikke nevnt. Etter koppskattelista fra 1645 for Flå, er det en John nevnt på 3 gårder: Nyhus, Bybot og Reitan. Kan hende bostedet hans i Flå var Reitan, da det på denne gården var bare 2 personer over 15 år, John og kona, og de var "forarma". Det skulle tyde på at han måtte gi opp denne gården. Etter at han kom til Forset i 1646, tok han til å rydde ny jord, så åkerjorda, som før var bare 6 mål, ble økt til 10 mål.

      Det sies at John og kona først slo seg ned under ei gran der husene på Øvre Forset hadde stått – og der skulle John ha uttalt "Her er vårt forsett å bygge og bo". Derav navnet på gården og slekta som fortsatt (1973) i lik linje, sønn etter far, har bodd i over 300 år på Forset.

      I Klæbuboka hevdes det at ingen ætt har spilt så stor rolle i bygda som denne: "Dei fleste bøndene på Forset var særs dugande menn både til ånd og hand og kjent, akta og nytta langt utafor bygda. Mest kjent er sjølsagt Eidsvollsmannen."

      John ble over 90 år. Bevis på det er at han høsten 1698 var vitne i ei sak. Videre i 1699 gav to av sønnene hans, Jakob og Lars, en ny messehakel i gave til Klæbukirka. Trolig ble denne gaven gitt i forbindelse med Johns begravelse.

      John Svendsen må ha gjort det godt økonomisk. I 1670 kjøpte han seg stolrom i den nyrestaurerte kirka i Klæbu. I rettsprotokollene finnes han aldri innstemt for gjeld, det som de fleste bøndene i bygda var, især i de mange uår og krigsår i siste halvdel av 1600-talet.

      John og Guru fikk 6 barn:
      Jakob, f 1649. Gift I med enke Gjertrud Andersdatter Grenstad og II med enke på Ølset. Hjemme på Forset i 1711. Ingen barn.
      Ole, f 1652, d 1722. Gift med enke Sigrid Jonsdatter Dragsten. Ingen barn.
      Sven, f 1656, d 1715. Gift med enke Randi Sivertsdatter Asgard. Ingen barn.
      Lars, f 1660 (etter manntalet i 1665) etter Forsetboka f 1657.
      Marit, gift med Ole Haldorsen Ytteruglen, f 1634. Hun var
      sikkert enten den eldste eller den nest eldste av barna. De hadde 2 barn.
      Beret, gift med Mikkel Olsen Rødde, husmann både på Sneeggen, Stubban og Sundland. De hadde en sønn John, f 1698.


      Litt om gården Forset, gnr 38, Fra Klæbuboka, bind 2, sidene 433–435, utgitt 1973:
      "Garden er den mest interessante i heile bygda, av mange grunnar. Den er den einaste der same ætta i lik linje, son etter far, har budd i over 300 år, no (1973) i 10. ættleden. 9 av desse 10 heiter Lars, heilt frå 1660. Inga ætt har spelt så stor rolle i bygda som denne. 5 av bøndene var i ubroten linje klokkarar i 150 år. Av ei sidelinje er 3 lensmenn. 2 av bøndene på Forset var Danebrogsmenn (en betegnelse for innehaver av den danske ordenen Dannebrogordenens hederstegn, opprinnelig innstiftet i 1808 under navnet Dannebrogsmennenes hederstegn). Desse 2 var det som bygde den Klæbu-kjerka som no står. Den første av dem skreiv Forsetboka i 1811. Den gir oss god greie på den eldste del av ætta på Forset. Dei fleste bøndene på Forset var sers dugande menn både til ånd og hand og kjent, akta og nytta langt utafor bygda. Mest kjent er sjølsagt Eidsvollsmannen.
      Garden har havt ei rivande utvikling frå 6 mål dyrka jord i 1616 til 360 mål i dag, fordelt på 2 store fine velstelte bruk.
      Forset er på 3300 da. areal i alt på begge gardar og er den 8. største i bygda. I 1647 hadde den ei jordskyld på 1 øre og var rekna med mellom 1/2-gardane (dei små). Etter matrikuleringa av 1886 er den på 17,92 skyldmark og dermed den 5. største i skyld til saman på begge bruk. Dette er ein framgang som ingen annan gard i bygda kan syne maken til.
      Forset var ved Reformasjonen Krongods. I mellomalderen høyrde den Nidarholm kloster til. Frå 1660 gjekk garden over til det store Schøllergodset. Sia 1788 har garden vore bondeodel.
      Forsetboka som er skreve av far til Eidsvollsmannen, gjengir eit gamalt sagn om namnet på garden. Det refererar seg til ein Halvard som tente på Bostad og som hadde vore for nærgåande åt dotra på garden. Av den grunn vart de jaga frå Bostad. Dei slo seg ned under ei gran der husa på øvre Forset hadde stått og så: Her er vårt forsett å bygge å bu. Forsett vart til gardnamnet Forset. Dette skulle ha hendt i 1608. Men av gamle dokument får vi vete at garden Forset er mykje eldre, og at den på 1500 talet heitte Furuset. Professor Rygh seier at Furuset kjem av trenamnet furu. Det er utan tvil den rette forklaring. Men sagnet kan likevel ha ei sann kjerne om ikkje årstala alltid passar. Halvard kunne godt ha levd og kome fra Bostad. Han kunne godt ha vore den første som tok til å rydde seg heim i dei solrike sørvende lier på Forset. Etter Forsetboka flytta denne Halvard til Eidstu i 1628. Gamle dokument seier at der på Eidstu i åra 1611–27 er ein som heiter Halduor, men på Forset e
      Historikaren og språkforskaren Heitmann Andersen trur at Forset alt i Vikingetida er skilt ut frå Tanem. Tar ein for seg merkene mellom Tanem, Forset og Tulluan, synes dette rimeleg. Berre Tanem og Tulluan går opp i Vassfjellet og deler fjellsida mot Klæbu likt mellom seg. Følgjer ein så merkeslinja mellom desse to frå fjellet og nedover, kjem ein til 1700 furua. Det er ei svær furu mesta 3 m i omkrets ved rota og eit fint monogram skore inn i stammen F. Monogrammet er no ca. 20 cm inni stammen.
      1700 furua er merkestre mellom Tulluan og Forset. Det er lett å tenkje seg at Eidsvollsmannen og faren stod ved dette merkestreet i 1781 og skar inn monogrammet. Den første var 22 år og den andre 50. Etter god gamal skikk skulle odelsguten vere med far sin og «gå opp merkene i skogen» som dei sa. Går ein ut i frå at Tullbekken opphaveleg har vore merket mellom Tulluan og Tanem, blir Forsetskogen som ei brei remse skore ut frå Tanem. At merket no mellom Forset og Tulluan går over bekken nede ved Nidelva, høyrer sikkerleg ei seinare tid til og heng saman med at der ved Forsetfossen var både kvenn, sag og stampe."


  • Kilder 
    1. [45130547] Ola Tulluan, https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2014081207050, (Bygdebok), 433–436 (Troverdighet: 2).



Sidene drives av The Next Generation of Genealogy Sitebuilding v. 14.0.5, skrevet av Darrin Lythgoe © 2001-2024.

Redigert av Per Otto Høve.