Notater |
- John var muligens sønnen til Halvar «Haluord paa Dijgrenn». Under skipskattemanntalet 1557 betalte Halvar 1 rdr. som bygselmann på gården Digre i Singsås. Omkring 1600 het brukeren John, og betalte tienda for 1607 med 3 skj. korn. John ble stamfar for ei slekt som i et par ledd utmerket seg som reine berserker.
Før John døde omkring 1607 overlot han gården Digre i Singsås til sin sønn Jens Johnsen.
Fra Singsås-bok bind 2, s 178–179:
Det sermerkte med Dijergårdane er at dei ligg så høgt og fritt. Slik kan ingen annan gård i bygda måle seg med dei. Plassen ligg liksom midt mellom alt: her har ein skog og mark innover dalar og åsar, og attafor, fjella. Synnafor er det djupe Sevilda'In, og nedunder seg har ein dalen med elva, og bygda med gårdar og gjarder. Ja, her er utsyn over gård og grend. Men ein vanskeleg plass å gjera greie for var Dijer tykte truleg dei som teikna ned «Situation og Beleilighed» 1723: sere Tungvunden ligger udi Sollie, Myrlændt, ligger til Fields, grønlændt og fast frostlændt til Korn, slyggen vidt, men skarp til Engs». Så reint bokstaveleg skal ein ikkje ta alt dette. Da som no galdt det å få det til litt tarveleg på papiret, for skatten. Ein ting var det noe i, gårdane er tungvinte, lia utafor er bratt. Men så lang solgang det er her, og god voksterjord, er det lell gjeve gårdar.
Dijer er ingen eldgammel bustad. Eigendomen har vori slått og hamn under Kjørkvoll. Brukaren der hevda så seint som i 1690-åra at enda var ikkje «dend Gaard Digre, som paa denne Gaards Leijemaal (d. v. 8. på Kjørkvoll) opbrydet er>, fråtrekt Kjørkvoll i matr.
Namnet Dijer (Diger) skrives Digre, men utt. Dijer, ofte Dije'rn med Dijer som dativform. Rygh meiner dette er forvandling av Digrin (Digrvin), som kan tyde at beite her var godt, av gmin. digr, stort eller digert, eller som Åsen seier «tyk, fyldig, drøi>. Namnet må da vera mye eldre enn bustaden er. Denne tydinga høver godt da Kjørkvoll hadde feet sitt her, og tykte rimelegvis det var gode beiter. Men med denne tydinga ser det ut som Rygh meire har tyda etter skrivemåten Digre, enn etter uttaleforma Dijer.
Det forteles at bureisaren, den første som sette seg ned her, heitte Lars. Han bygde gården sin bortpå der dei i dag kaller det Aune. Første gong Dijer nemnes er likeins som med Rø, på palmen i kallsboka åt presten Per Nilssen Skytte omkring 1550. Gården låg da med 2 øre under prestebolet. Skylda var noen marklag over 2 øre, og dette hørte Helgeseter kloster til. Dette, som i midten av 1600-talet var 11 ml. gjekk da over til krongods.
Under skipskattemanntalet 1557 betalte brukaren, Halvar, «Haluord paa Dijgrenn», 1 rdr. Omkring 1600 heitte brukaren Jon, og betalte tienda 1607 med 3 skj. konn. Denne Jon vart stamfar for ei ætt som no i eit par led merkte seg ut som reine berserkar. Frå fogdeprotokollane har ein mangt eit døme på dette. Det ser ut som krangel med slagsmål og hårdraging var det som helst opptok Dijerkarane utover 1600-talet. Jon hadde sønene:
1) Jens Johnsen f 1588, tok over Digre etter faren. 2) Bjørn Johnsen. 3) Oluf Johnsen. Hadde eit barn med ei Maret Ereksdatter 1618.
|