Notater |
- Ingebrigt Johnsen, f ca. 1602, svarte kopskatten 1645 for seg, kona og Gunhild. Ola husmann nevnes i 1661. Ingebrigt tok over Oppigård Mellingseter etter faren og dreiv fra 1634–1678.
Ingebrigt var gift med Kari Olsdatter, f ca. 1605, d 1697.
Sønnen Haldor Ingebrigtsen tok over bruket etter faren i 1679.
Mellingsetra (fra Skaunaboka, bd 2, s 128)
"Mellingsetra ligg slik til at det er Brattlia i Orkdalen som er næraste granne. Det er ikkje lenger til Grø, enn det er til Mellingan. Mellingsetra var markagard og drifta vart prega av dette, med fiskevatn og markaslått heilt utpå Elshøgdin. Slik fikk folket her og mye hopehav med hølondingar. Men vi ser óg at garden hadde kvernbruk heilt fra 1600-åra. Futen Otte Lorch og seinare borgermester Jens Friis, dreiv fleire sagbruk i området her – på Krokstad og Venn, og her i Mellingsetra og på Melby. I 1651 vart det opplyst at Mellingseter-skogen var mye uthoggen. Saga her nemnes ennå i 1662, da årleg grunnleige var 2 rdr. til kongen og kvantumet 1/2 stabel bord. Året etter vart saga lagt ned.
Arkivaren Anders Todal låg i Mellingsetra på storfugljakt og fikk mye til overs for ødegarden. Han arbeidde så ut ei gardshistorie som han kalla Mellingseterboka. På andre óg har naturen her verka fasinerande. Gehard Schøning kom i 1773 utover fra Aunan «forbi de saa kaldte Rafn-Biærge, som paa den søndre Siide ere meget steile, og dog næsten overalt bevoxne med Furru-, Gran- og Birke-Træer, som her have slaaet Rødder i Klippernes Rivter, og synes ligesom at hænge paa Klipperne; hvilket gav, i October Maaned, da jeg reiste her forbi, et smukt Syn, ved det denne heele Biærgstrækning var da skatteret med adskillige Farver om hinanden, af mørke-grønt af Barskoven, grønt af Ellen, og lyse-guult af det falmende Løv paa Birken.»
Det gikk ei ferdalei om Mellingsetra, over Meskogen og til Orkdalen. Men Mellingsetra var óg «underkastet Fare af Kulde og Frost» på kornet. Like vel gikk det gjetord om velstanden på bruka her: «Alt var bra i Mellingsetra, jamvel brurakrona: Mellingseterkrona var den finaste i heile bygda, finare enn Eidsmo-krona og Bya-krona.» Og matrikkelkommisjonen 1723 måtte ty til tvetydige vendingar: «I Baglie, Marchegaard, vis til Korn, frostlent, god til eng, maadelig til brugs», og ville legge på skylda på kvart bruket 6 marklag.
Det er truleg slik at dette er ein mellomaldergard som i nedgangstida vart øde og seinare kom under Mellingan som avlsgard eller seter. Fra 1610 har vi garden i lensrekneskapen, alt da delt i to bruk, dei seinare Oppigard og Nergard. Eigendomsforholda var her som på så mange gardar ellers i bygda: Kongen var eigar, men landskylda - av 1 øre 6 marklag i kvart bruket - gikk til Reins kloster. I 1628 vart garden pantsett til herr Niels Pedersen Balg - soknepresten i Støren, som óg fikk bygselretten. Omkring 1670 selte kongen garden til Oluf Jenssen, slik som Mellingan og Rø, og slik som der vart óg Mellingseter-karane sjøleigarar i 1703. Mikkel Olsson (gift med enka etter Haldor Ingebrigtsen) kjøpte da Oppigard og Ola Ivarsson kjøpte Nergard."
|