Skriv ut Legg til bokmerke

Grøtan, Hølonda, , Trøndelag, Norge



 


Notater:
GRØTAN

Grøtan er ein av dei aller eldste gardane på Hølonda. Gardnamnet har bunden fleirtalsform, men har nok hatt den ubundne forma Grjotar, opphavleg kanskje ubunden eintal, Grjot. Grjot tyder stein og er vanleg å finne i gardnamn og især i elvenamn. Moreneryggen mellom dei to vatna, her garden ligg, er rik på stein. Uttala av namnet er Grø'tan (palatal n.), dativ på Grø'tom og genitiv te Grøt (t.d. Grøtvatnet).



I 1861 registrerte Vitenskapsselskapet gravhaugar på Grøtan. Dei er ikkje utgravne. Haugane er truleg frå vikingtida. Det skal dg ha lege gravhaugar ved vegen mellom Benna og Valdlykkja i Horg. Av arkeologiske funn frå Grøtan har vi berre ei glasperle frå jarnalderen.



Fiske og fangst har nok her som ellers kring dei store vatna på Hølonda lokka bureisaren. Benna og Grøtvatnet må ha spela ei viktig rolle som eksistensgrunnlag gjennom tida. Når det gjeld jordvegen, har Grøtan alltid vore rekna for beste garden i bygda.



Grøtan har gitt Grøtvatnet (212 m.o.h.) namn, likeins som Skjegstad ga namn til Skjegstadvatnet og Gaustad til Gaustadvatnet. Det eldste namnet på Grøtvatnet er borte. Ei arm av vatnet ber namnet Broka, men det er neppe det gamle sjønamnet. Broka kjem truleg av brok, småfisk.



Grøtan er grensegard mot Melhus og Horg. Slike gardar hadde lett for å koma i grensestrid med dei utabygds grannane om merke og utgardsgjerding. Under tinget på Foss i Horg i 1806 gjorde Grøt-mannen og mennene på Nordtømme i Horg (Rasmus, Arn, Arve, Esten og Haftor) ein forlikskontrakt. Merket vart sagt å vera frå «Kaststenen i Sommerveijen paa Grøtaasen og derifra — — sydvestlig til høieste Stygeraasen eller Lundbergausen og videre i lige Linie til den høieste Fjeldknep, som er korset Bjerg på vestre Moesletten». Det som låg vest for denne grensa, hørte Grøtan til. Av utgarden skulle Grøtan halde i stand ein tripart og Nordtømme to tripartar. «Dersom nogen forsømmer inden St. Hans Dag hvert Aar at istandsette sin Andeel af Gjerdet, og derved Kreaturer komme ind paa de andres Eiendomme, da bøder han til den af os skadelidte, første Gang Een Rigsdaler, 2. Gang 2 Rd, og saa fremdeles».



Grannegardane i Melhus, Branem og Hermannstad, er truleg yngre gardar enn Grøtan, medan grannegardane i aust, Løberg og Tømmes-gardane i Horg, nok er eldre. Grøtvåttån eller Grøtåsen på grensa mot Horg er 533 m.o.h. Her var det i eldre tid våttå (varde) som vart brukt i meldingstenesta. Grøtfolket har hatt mykje samkvem med desse gardane. Alle generasjonane på Grøtan har vore knytt til ein eller fleire av dei.



Grannegardane på Hølonda er Ven, Skjegstad og Solem.



Folketalet på Grøtan med husmannsplassane var stabilt på 1800-talet, 20—30 menneske. Før tida til husmannsplassane var det mange tenarar på garden — i 1762 var det ti skattlagte personar her.



Frå garden var det kløv-veg opp nord for Klevahammaren til Tømmessletta. (Nemninga klev tyder bratt veg.) Ellers var det veg nordover til Solem og Branem og sørom vatnet til Ven.



Grøtan og nokre få andre gardar må lenge ha vore dei einaste på Hølonda. Ættene på desse sto seinare høgst på rangstigen. Grøt-folket kom til å stå i ei særstilling. Kirsti-kjerringa på Sunnset brukte å kalle dei ho snakka til for «stakkar». Ein gutunge kom ein dag inn på Sunnset, og Kirsti spurte kor «stakkaren» var ifrå. Men guten visste det, og svara at han «var itt nåkån stakkar, men frå Grøtom».



Ein gong i mellomalderen vart det bygd kjerke på Grøtan, truleg ei gardskjerke, høgendakirkja. Med tida kom austlege parten av bygda til å sokne hit. Jens Kraft (kring 1830) seier at kjerka på Grøtan vart «afbrændt ved Lynild 1655 og blev forflyttet til Krog stad». Både gardshus og kjerke skal ha brunne kring midten av 1600-talet. Etter brannen skal storstuggu på garden ha tent kjerkelege handlingar. På Krokstad vart det ikkje bygd kjerke før kring 1680.



Grøtan var «prestens anneksgaard». Presten budde på garden når han forretta ved kjerka. Etter at kjerka kom til Krokstad, overnatta eller kvilte han her når han var i kjerkvegen.



Gardshusa har brunne tri gonger. Første gongen skal vera i 1655, andre gongen var i 1933 og tredje gongen brann stuggu i 1956. Stugguklokka — morsetverk — vart berga frå båe dei to siste brannane. Ei stugguklokke vart det teke godt vare på. Jon og Beret Grøtom gjorde i 1881 ein kontrakt om klokka: «— — at de paa Gaarden Grøthe vort fællesbo tilhørende Stue-Slaguhr — arbeidet af Peder Morseth i Singsaas — som en ufraskillelig Eiendom, saalænge det kan bruges som Stucklokke, skal følge Gaarden Grøthe og ikke paa nogen Maade ved Salg eller Skifte fraskilles samme i hvis Hænder end Gaarden fremtidig end maatte komme».



I matrikkelen 1667 heiter det om Grøtan: «Ingen Wilehor till Hommel Hage, intet fischeri, intet Rødnings-Land, sehoug till Huustømmer och Brende weed». Det var det offentlege synet på garden den gongen. Men Grøtan var største garden i bygda, og også den gongen største kornprodusenten. Utafor stuggudøra ligg det store Grøtvatnet, og garden har lang strandline langs det enda større vatnet Benna. Det var alt den gongen skogsdrift og plassane kring låg urøvde i 1667. I 1723 blir det sagt at garden er «frost- og grønlent, mislig til Korn» og i 1802 at «Agrene er mislig». Jens Kraft er meir optimistisk i verket sitt: «Det største Brug i Sognet, og efter Egnens Beskaffenhed temmelig aarvis».



Grøtan hadde kvernbruk i Kvennbekken, nede ved Kvennavollen. Klemmet Grøtom betalte I ort i kvernskatt så tidleg som i 1621. I 1607 er kongsparten av tienda gitt opp til å vera 5 skj. korn. I 1667 er tienda 21% t. bygg og 31% t. havre. Som anneksgard for presten skulle Grøtan vera tiendefri, og slik var det på heile 1700-talet. I 1723 blir utsæden gitt opp å vera 1 t. bygg og 6 t. havre, som ga 45 lase korn. Til kring hundreårsskiftet hadde utsæden auka til 10 t. korn. Grøtan er framleis ein typisk havre-gard. I 1835 var utsæden 1 t. bygg, 4 t. blandkorn, 9 t. havre og 4 t. poteter. Havre- og potetproduksjonen auka no og ti år seinare er det 14 t. havre og 91. poteter. Husmannsplassane hadde sin del i dette, men i 1865 sådde Jon Grøtom om lag 15 t. korn og sette 6 t. poteter. Da stod korndyrkinga på det høgste.



Utslåttane på Grøtan var Slætta nord for vatnet, Grøtaunet og Kjølen. Grøtvåttån var nytta som slått, til eigedommen i 1839 vart selt til Sørtomme.



I 1628 var det fôr til 8 kyr og 5 kviger på garden. Til dette kom hestar og småfe. I 1657 får vi krøtera meir spesifiserte: 25 storfe, 12 geiter og 22 sauer, som er rekna for største buskapen i bygda, men er så og seie lik buskapen på Sunnset og Trotland. Ellev Grøtom hadde i 1693 3 hestar, 24 storfe og 12 småfe. Matrikkelframlegget 1723 opererer med 3 hestar, 8 kyr, 5 ungnaut og 7 sauer. I denne kjelda er tala i minste laget. I 1802 er det rekna med at garden kan fø 3 hestar, 18 naut og 20 småfe. I andre halvparten av 1800-talet nådde krøterhaldet toppen: 4 hestar, 20 naut, 30 sauer og 2 grisar.



Det er om lag 180 mål dyrkajord på garden.



I Kvennbekken hadde Grøtan sagbruk. Her finn vi namnet Sagåsen. Grøt-saga var eit av dei eldste sagbruk i bygda. Det var presten som dreiv saga. Kapellanen Michel Willumsen (kapellan i Melhus 1620-1629) dreiv saging her. I 1632 vart sagskatten betalt med 2 dalar. Det var saga 40 tylvter bord for året, og av dette gjekk 1 tylvter som tiendebord til kongen. På den tid vart borgarmeister Anders Helkan i Trondheim eigar. Han skar i 1643 80 tylfter bord og betalte 5 dalar i skatt og 8 tylfter tiendebord. Johans Grøtom var sagmeister for Helkan.



På tinget på Sunnset vinteren 1651 møtte fullmektigen til Helkan opp og fortalte at borgarmeistaren no ikkje dreiv Grøt-saga, «Eftersom hand aldellis ingen fordeele eller gaffn deraff haffue kand, men mere pendings spilde». Skogen var uthoggen. Tingfolket vitna at det var slik som fullmektigen sa, at «intet Saugtømmer nå er at bekomme, saa denne Saug er huerken borgemester Anders Helkand eller nogen Anden Mand thienlig eller till fordel».



Bygselherren Melhus prestebol ved soknepresten Michel Melchiorsson Faleh meinte Anders Helkan hadde på urett vis fått tak i sagbruket på Grøtan, og var «uberettiget at bruge den». Dette var grunnen til at det sommaren 1657 var synfaring av skog og sag her. Helkan sa at han hadde kjøpt skog og sag av kapellanen Michel Willumsen. Etter at saga forfall, hadde borgarmeisteren ført tømmeret til Hermannstad-saga og saga der. Presten meinte det var uråd å selge eller skrive frå seg det «som Gud og den Høie Øvrighed efter Ordinansen» hadde lagt til presteholet. «Prestens Herlighed» kunne ikkje bli avhenda til framande. Anders Helkan stilte to vitne, Mikkel Klepp frå Melhus og Johans Kvernberg frå Buvika, som var frå Grøtan, og gammal sagmeister her, og dei kunne sjølvsagt sanne det Helkan fortalte. Det er truleg at han tapte saka, da han ikkje hadde «nogen kongelige eller høic Øvrighedsbeviser».



Den gamle Grøtsaga vart aldri bygd opp etter forfallet i dei første 1650-åra. Ved avfellingsforretninga på Grøtan i 1692 blir det sagt at den «overmaade berømmelig Stoer Aargangs saug formedelst mangel af Saugtømmer ved 40 aar leden er bleven øde». Sia gjekk skogen på Grøtan, som ellers i bygda, til kolved. Det blir i 1692 peikt på at «den gandske dyktige Skoug til Meldals Kaaberwerchs fornødenhed paa 6 eller 8 aar kand udhugges i høyest at regne». Hausten 1758 var det synfaring av sagbruk og skog på eigedommane kring her. Det var konferenseråd Stig Scholler som da åtte grannegardane og dreiv skogsdrift. Retten fann godt sagtømmer og ung voksterskog i Grøt-skogen. 10 tylfter årleg var høveleg hogstkvantum. Dette skulle gå til ei av sagene til Schøller, og ville gi 480 bord med 9 fots lengde (44% aln) og 1% tom tjukke. Sia bygde Schøller sag ved den gamle sagplassen på Grøtan – sjå under Solem. Same hogstkvantum vart da lagt til den saga.



Jon Grøtom bygde sagbruk i Kvennbekken att da han hadde kjøpt garden i 1839.



Det er 5000 mål produktiv skog på Grøtan.



Leidangskatten frå Grøtan er etter jordbøkene før 1600 1 pund og 4 mark smør og det dobbelte med mjøl.Seinare var leidangen 1 pund smør og 2 pund mjøl. Den eldste leidangen svarar til landskylda her — 3 spann. Grøtan svara ikkje landskyld til erkebispestolen, men etter reformasjonen til bispestolen i Trondheim. Landskylda var i første halvparten av 1600-åra fordelt slik:

Melhus prestebol, 2 spann 12 marklag.

Bispen i Trondheim 2 øre 12 marklag.



Til saman vart dette 3 spann og prestebolet hadde bygselretten. I tillegg til dene kjem frå midten av hundreåret 12 marklag, som synes å vera ein nedlagt gard som er lagt til Grøtan. Landskylda av dette vart fordelt mellom krona og bispen. Parten til krona kom snart ned i 4 marklag, og var kring 1660 pantsett til Gabriel Marselis.



Innmed Benna, på austsida av vatnet, ligg Aunet eller Grøtaunet. Som namnet fortel, har det vore ein bustad her. Tillegget i skylda av Grøtan kjem av at denne eigedommen no vart lagt under garden.



I 1692 søkte Ellev Grøtom om avfelling på landskylda. Det vart synfaring og retten fann at vatnet Benna «høst og foråar med sine for arbeidninger och ophøielser agger og Enggeland det med kuldaktige homores inficerer, at endten Aulingen aldelis af frost bederfvis, eller at Grønhed och Umodenhed omdanis, at dend til Mennischenis nytte, Roesverdigst ey kand være tienligt». Det vart opplyst at Benna har brote ut land til 8 lass høy. Søraust for Benna «nedrinder adskillige fieldbeeher> som i vårflommen hindrar pløyinga og reiser med gjødsla og etterlet seg ein «usigelig mengde af Steen och grus til Leyemaaletz bederf». Austover her ifrå fann retten det «ufrugtbare Grøtefield». Sør for garden kom Grøtåsbekken som med «overflødige Vedsker wircher waarpløyningen at henhvile offver Paaske». I vest gjorde Grøtvatnet stor skade, «misvext og frøssenhed, sine ijskolde och fugtige Vedsker fremsender, sambt og der haver borttaget en del Engeland til fijre Less Høe».



Denne utmålinga er urealistisk, men garden fekk avfelling på 1 spann 16 marklag. Ny skyld vart 1 spann 2 øre 18 marklag, fordelt slik:

Melhus prestebol, I spann 1 øre.

Bispestolen, 1 øre 16 marklag.

Etatsråd Henrich Miller, 2 marklag.



Miller hadde teke over denne parten av Marselis, men krona innløyste dette godset like før 1700. Denne landskylda stod uendra til ny matrikkel kom i 1836.



Ved sida av Nestuggu Eid synes Grøtan å vera eldste ættegarden i bygda. Klemmet Grøtom nemnes i 1600 og frå han ætter det seinare Grøt-folket og mange med dei. Ætta er spreidd over heile nedre Gauldalen og Buvika og Skaun, og ellers utover landet og til Ame-

rika.



1600-talet rommer berre to generasjonar — Klemmet og Per. Klemmet-namnet kom bort her, men levde lenge i utgreiningane. Johans-namnet frå Grøtan var óg eit populært namn i lange tider. Det er Jon-namnet som dei siste tri hundre åra har hatt monopol på Grøtan. Det kom inn med Jon Bjørseta som kring 1690 vart gift til gards. Vi ser at dei første generasjonane tok ut til større gardar. Dette var aristokratiet den tida. Men i siste halvparten av 1700-åra ser vi eit tydeleg skifte. Husmannstida er komen og sett sit preg på Grøt-ætta og. Grøt-folket heldt ikkje styr på ætta lenger. Gardguten gifta seg med tausa på garden, og barna hamna på husmannsplassane kring: Grøthogstret, Vennagjerdet, Haugalykkja, Forsetlykkja, Storrønningsbakken og Olderøya. Det er ein annan klang i desse namna enn i dei gamle. Men sjølve gardsfolket heldt lell kursen. Dei sat i fremste kjerkstolen og søkte mest lag med folk på dei største gardane frami dalen.



Det er tida til Jon Karlsson vi først får nærare kjennskap til, ei tid som er prega av skattane. Jon betalte skoskatten i 1711 for seg, kona, sonen og tausa med 1 ort og folkeskatten med nær 2 ort. Tausa hadde 2 rdr. 3 ort 8 skl. i lønn for året. Ei ku den tida kosta 3–4 rdr., ei byggtynne 2 rdr. 1 ort og ei havretynne 1 1/2 rdr. Slik kan vi gjera oss eit bilde av den økonomiske situasjonen. Jon betalte dei ordinære skattane slik:

Leiglendingsskatt: 6 rdr. 10 skl.

Leidang: 2 ort 8 skl.

Proviantskatt: 1 ort 15 skl.

Kjolpengar: 1 ort 2 skl.



Til saman vart dette om lag 7 rdr. I tillegg kom landskyld på om lag 3 rdr. Han slapp tienda, da han sat på anneksgard, men betalte kvernskatt og ymse andre små skattar.



I krigsåra kom ekstraskattane. Dagskatten i 1712 vart betalt med 5 rdr. 67 skl. I 1716 var han komen ned i 4 rdr. 80 skl. Året etter kom dei svenske soldatane til gards. Dei gjorde skade verdsett til nær 38 rdr. Dei tok med seg ein hest, verdsett til 9 rdr., og ødela gardsreiskap og tok mjøl, rugkorn, kjøtt og smør.



Jon Grøtom tolte alt dette. Da krigsstyren vart utlikna i 1714, rekna dei middelen hans til 90 rdr., og han var saman med Per Berg, Nils Konstom og Kjøsa-mannen den i bygda som var best stilt.



Den første Jon Jonsson dreiv stort, og buet etter han var i 1765 verdsett til 444 rdr., som var bra etter ein leiglending. Jon var bjørnejeger.



Jon Jonsson den andre var klokkar og skulemeister. Sonen — Jon den fjerde — er første sjølveigaren vi kjenner på Grøtan. Han fekk kongeskjøte på garden 21. juli 1839 for 900 spd. Om hausten selte han Grøtvåttån til Brønjøl Larsson Sørtømme i Horg for 100 spd., som han la i kjøpesummen. Men Grøt-mannen var ikkje fri. Han slapp landskylda, men heretter skulle det på garden kvile ei årleg jordavgift på 4 t. 2 skj. 3 1/4 fjerdingskar bygg — «hvilket Byg beregnes i Penge for hvært Aar efter Middeltallet af de sidste 10 Aars Kapitulstaxter for Trondhjems Stift». Denne jordavgifta skulle kvile på garden i evig tid, men i 1897 kom ei lov som ga rett til å løyse den ut med ein eingangssum.



Soknepresten tok seg ög att rett ved salget av den gamle anneksgarden. Han skulle årleg ha rett til etter utvising å fli seg opp 150 vinterlass véd og 300 utgardsstaurar, og ta tømmer til å halde husa i prestegarden i stand.



Den neste Jon Grøtom bygde sagbruk og nytt kvernbruk og la springvatn til gards. Jon og faren dyrka mykje ny jord.



Da Jon skulle gi frå seg, tok motgangen til. Gardguten Jon døde brått. Per rykte opp, men lungebetennelse reiv han bort. Den tredje – Even – var helselaus all si tid. – «da jeg var 1 1/2 år gl. fikk jeg meslinger og derav fikk jeg skade i min høire fot, og har siden den tid vært krøpling at regne for», fortel han sjølv. Men Jon vart gammal, og da han døde, hadde fjorde sonen, Rasmus, teke over. Slik vart det brott i rekka av Jo'ar, men dei kom att. Av ti generasjonar har sju hatt Jon-namnet.

Breddegrad: 63.141389, Lengdegrad: 10.182222


Fødsel

Treff 1 til 5 av 5

   Etternavn, Fornavn    Fødsel    Person ID 
1 Grøtan, Even Klemmetsen  1642Grøtan, Hølonda, , Trøndelag, Norge 39404486
2 Grøtan, Johans Klemmetsen  ca. 1633Grøtan, Hølonda, , Trøndelag, Norge 9754725
3 Grøtan, Per Klemmetsen  1635Grøtan, Hølonda, , Trøndelag, Norge I861
4 Grøtan Hammer, Peder Klemmetsen  1642Grøtan, Hølonda, , Trøndelag, Norge 7331866
5 Grøtan Syrstad, Klemmet Klemmetsen  1637Grøtan, Hølonda, , Trøndelag, Norge I837

Død

Treff 1 til 3 av 3

   Etternavn, Fornavn    Død    Person ID 
1 Grøtan, Klemmet  Grøtan, Hølonda, , Trøndelag, Norge I2628
2 Grøtan, Klemmet  1664Grøtan, Hølonda, , Trøndelag, Norge I860
3 Grøtan, Per Klemmetsen  ca. 1687Grøtan, Hølonda, , Trøndelag, Norge I861

Sidene drives av The Next Generation of Genealogy Sitebuilding v. 14.0, skrevet av Darrin Lythgoe © 2001-2024.

Redigert av Per Otto Høve.